Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 6, 2020: Forskelle mellem versioner

Content deleted Content added
Ny side: {{framside bilete|Stingray giving birth.jpg|Fødande pilskate|:nn:Fødsel}} '''Fødsel''' viser til når eit foster kjem ut frå mororganismen, og blir ofte rekna som byr...
 
(Ingen forskel)

Nuværende version fra 15. jan. 2020, 12:17

Fødande pilskate

Fødsel viser til når eit foster kjem ut frå mororganismen, og blir ofte rekna som byrjinga på livet. Dei fleste pattedyr og andre vivipare eller ovovivipare dyr – nokre amfibium, reptil, fiskar og virvellause dyr – føder levande ungar. Under ein pattedyrfødsel blir livmora tømd for innhald: Fostervatn, foster og det som måtte vera av etterbyrd, som morkake, hinner og væske. Normalt har ein slik fødsel tre fasar – opning av fødselskanalen, utdriving av foster, og etterbyrdstida.

Store pattedyr som kvalar, elefantar, sjiraffar, flodhestar, nashorn, storfe, hestar, selar og primatar føder ofte berre eit avkom om gongen, sjølv om tvillingar og andre fleirfødslar førekjem. Dei fleste av desse avkoma er meir utvikla enn menneskeungar ved fødselen, ved at dei til dømes kan stå og gå eller symja nokså snart etter fødselen. Andre pattedyr, som kattedyr, hundedyr, revar og gnagarar, føder gjerne større kull med mindre utvikla ungar som til dømes kan mangla hår, syn, tenner og evna til å regulera kroppsvarmen sin. Desse ligg i eit reir eller hi og blir mata av mora og passa på av henne og eventuelt andre slektningar. Les meir …