Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 14, 2020: Forskelle mellem versioner

Content deleted Content added
Ny side: {{framside bilete|Adventure Time logo2.png|Adventure Time-logo|:nn:Adventure Time}} '''Adventure Time''' er ein amerikansk animert fjernsynsserie skapt av :nn:Pe...
 
(Ingen forskel)

Nuværende version fra 9. mar. 2020, 10:14

Adventure Time-logo

Adventure Time er ein amerikansk animert fjernsynsserie skapt av Pendleton Ward for Cartoon Network. Serien følgjer eventyra til ein gut med namnet Finn (spelt av Jeremy Shada) og bestevennen og adoptivbroren hans, Jake (John DiMaggio), ein magisk bulldogg som kan endre form og storleik når han vil.

Serien er basert på ein kortfilm frå 2007, som vart produsert for Nicktoons og Random! Cartoons. Etter at han vart ein viral suksess på internettet, bestilte Caroon Network produksjonen av ein full serie basert på kortfilmen. Adventure Time hadde førehandsvising 11. mars 2010 og offisiell premiere 5. april 2010. Seriefinalen «Come Along With Me» vart send 3. september 2018, og serien hadde då kome opp i 283 episodar fordelte på ti sesongar.

Adventure Time har vore ein sjåarsuksess for Cartoon Network og nokre episodar har tiltrekt over tre millionar sjåarar. Trass i at serien hovudsakleg framstår som retta mot barn, har han utvikla ein tilhengjarskare blant tenåringar og vaksne. Serien har fått positive omtalar og vunne ei rekkje utmerkingar, mellom anna åtte Primetime Emmy Awards. Les meir …