Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 29, 2020: Forskelle mellem versioner

Content deleted Content added
Ny side: {{framside bilete|Bygland_komm.svg|Våpenet til Bygland kommune|:nn:Bygland kommune}} '''Bygland''' er ein kommune i Setesdalen i :nn:Agder f...
(Ingen forskel)

Versionen fra 22. jun. 2020, 07:42

Våpenet til Bygland kommune

Bygland er ein kommune i Setesdalen i Agder fylke. Det meste av busetnaden i kommunen følgjer innsjøen Byglandsfjorden, og elva Otra nordanfor. Kommunen har to tettstader: Byglandsfjord og administrasjonssenteret Bygland. Skogbruk og jordbruk er viktige næringsvegar, attåt turisme, der kommunen i nyare tid har satsa på kulturliv og aktivitetar. Den vidaregåande skulen KVS Bygland har linjefag innan bygg, skogbruk og reiseliv. Riksveg 9, frå Kristiansand til Haukeli, går nord-sør gjennom kommunen.

Bygland er den einaste kommunen i tidlegare Aust-Agder fylke som har hatt uendra grenser sidan det kommunale sjølvstyret vart innført i Noreg i 1837. Kommunen grensar i nord til Valle, i aust til Fyrsdal og Åmli, i sør til Froland og Evje og Hornnes, og i vest til Åseral, Kvinesdal og Sirdal.

Kommunevåpenet viser ei oppspringande gull gaupe på grøn grunn. Gaupa symboliserer det bratte, ville og skoglendte terrenget i kommunen. Les meir …