Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 30, 2020: Forskelle mellem versioner

Content deleted Content added
Rett årstal
mNo edit summary
 
Linje 2:
'''[[:nn:Grimstad|Grimstad]]''' er ein by og administrasjonssenteret i [[:nn:Grimstad kommune|Grimstad kommune]] i [[:nn:Agder fylke|Agder fylke]]. Han ligg ved ei bukt på vestsida av [[:nn:Groosefjorden|Groosefjorden]] og busetnaden strekker seg nordover inn i [[:nn:Fjære i Aust-Agder|Fjære]]. Byen er eit regionalt handels- og servicesenter. Tettstaden som byen er del av hadde i 2019 over 13 000 innbyggjarar.
 
Grimstad voks fram på 1600-talet, då staden blei lasteplass under [[:nn:Arendal|Arendal]]. I 1791 fekk Grimstad laste- og losefridom mot ei fast avgift til Arendal, og blei i 1816 sjølvstendig kjøpstad. Grimstad er i dag ein viktig skoleby med vidaregåande skolar og avdelingar av [[:nn:Universitetet i Agder|Universitetet i Agder]]. Byen har stor tilstrøyming av turistar i sommarsesongen og bykjernen er ein attraksjon i seg sjølv, med idylliske, eldre byinteriør og krokete gater. Byen er også kjend for teateret sitt, som ligg i eit steinbrot, og dei mange lokale reiarlaga. [[:nn:Henrik Ibsen|Henrik Ibsen]] budde i byen i perioden 1828–18501843–1850, då han arbeidde som apotekarlærling.
 
Grimstad hadde jernbanesamband til Rise i Arendal, som opna i 1907 og blei nedlagd i 1961. Etter nedlegginga blei delar av traseen gjort om til vegar. Til dømes ligg [[:nn:Europaveg 18 i Noreg|Europaveg 18]] mellom [[:nn:Kristiansand|Kristiansand]] og [[:nn:Oslo|Oslo]] delvis over den gamle jernbanestrekninga, og tangerer den vestlege delen av bykjernen i Grimstad. ''[[:nn:Grimstad|Les meir …]]''