Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 34, 2020: Forskelle mellem versioner

Content deleted Content added
Ny side: {{framside bilete|Gaza City.JPG|Gaza i 2007|:nn:Gaza by}} '''Gaza''' er ein by på Gazastripa, og med eit folketal på 515 556 er han den største byen i Palestina. Han h...
(Ingen forskel)

Versionen fra 27. jul. 2020, 16:07

Gaza i 2007

Gaza er ein by på Gazastripa, og med eit folketal på 515 556 er han den største byen i Palestina. Han har vore busett sidan 1400-talet fvt. Gaza har vore dominert av forskjellige folkeslag og rike gjennom historia. Filistrane gjorde byen til ein del av sin pentapolis etter at Det gamle Egypt hadde styrt byen i nesten 350 år.

Under romarane og seinare bysantinarane var Gaza ein relativt fredeleg stad og hamna blømde. I år 635 vart han den første byen i Palestina som vart erobra av Rashidunarmeen og utvikla seg raskt til eit sentrum for islamsk rettslære. Då krossfararane invaderte byen seint på 1000-talet, var han i ruinar. I dei påfølgjande hundreåra har Gaza slite med alt frå mongolske raid til flaumar og grashoppesvermar, og byen vart redusert til ein landsby på 1500-talet, då han vart ein del av Det osmanske riket. Gaza fall til britiske styrkar under fyrste verdskrigen, og vart ein del av Palestinamandatet. Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, administrerte Egypt den nydanna Gazastripa og gjorde fleire utbetringar i byen. Gaza vart erobra av Israel i seksdagarskrigen i 1967, men i 1993 vart byen overført til Den palestinske sjølvstyresmakta. Les meir …