Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 40, 2020: Forskelle mellem versioner

Content deleted Content added
Ny side: {{framside bilete|Paul McCartney in October 2018.jpg|Paul McCartney i 2018|:nn:Paul McCartney}} '''Paul McCartney''' (fødd 1942 i Liverpool) er ein britisk bassis...
 
(Ingen forskel)

Nuværende version fra 7. sep. 2020, 19:20

Paul McCartney i 2018

Paul McCartney (fødd 1942 i Liverpool) er ein britisk bassist, låtskrivar, songar, gitarist og pianist. Han var medlem av The Beatles (1957–70) og Wings (1971–80), og har seinare hatt ein lang solokarriere.

McCartney starta som gitarist i The Quarrymen (som seinare endra namn til The Silver Beatles og The Beatles), men overtok som bassist da Stuart Sutcliffe slutta i bandet. I tillegg til å spele bass i The Beatles (og ved ulike høve òg gitar, piano, synthesiser og slagverk) stod McCartney saman med John Lennon for det meste av vokalinnslaga og låtskrivinga i gruppa. Paul McCartney står oppført i Guinness rekordbok som den mest framgangsrike komponisten innanfor moderne populærmusikk. Slår ein saman arbeidet hans med og utanfor The Beatles har McCartney skrive over 50 hittar. Det er langt meir ein kva nokon anna komponist kan vise til. Les meir …