Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 42, 2020: Forskelle mellem versioner

Content deleted Content added
Ny side: {{framside bilete|280 Ma plate tectonic reconstruction.png|Verda slik ein meiner ho såg i permtida|:nn:Permtida}} '''Permtida''' er ein geologisk periode som strekkjer...
 
(Ingen forskel)

Nuværende version fra 21. sep. 2020, 20:20

Verda slik ein meiner ho såg i permtida

Permtida er ein geologisk periode som strekkjer seg frå tida 299,9 ± 0,8 millionar år sidan til 251,0 ± 0,4 millionar år sidan. Han er den siste perioden i paleozoikum. Perioden vart etterfølgd av trias, den første delen av mesozoikum. Perm vart kalla opp etter kongedømet Permia i Russland av den skotske geologen Roderick Murchison i 1841, og ikkje den vesle byen Perm som mange ofte trur.

Havnivået i perm var generelt lågt og det var generelt få kystområde fordi nesten alle landmassane var samla i eitt enkelt kontinent, Pangaea. Sjølv om kontinentet var enormt hadde det kortare kystlinje enn seks til åtte mindre kontinent med same samla areal ville hatt. Dette kunne ha medverka til den omfattande utryddinga av sjødyr mot slutten av perioden, der særs mange sjødyr forsvann. Les meir …