Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 47, 2020: Forskelle mellem versioner

Content deleted Content added
Ny side: {{framside bilete|Super Mario World box logo.svg|Super Mario World-logo|:nn:Super Mario World}} '''Super Mario World''' er eit plattformspel utvikla og utgjeve...
 
(Ingen forskel)

Nuværende version fra 26. okt. 2020, 11:21

Super Mario World-logo

Super Mario World er eit plattformspel utvikla og utgjeve av Nintendo til Super Nintendo Entertainment System (SNES) i 1990. Det er ein oppfølgjar til Super Mario Bros. 3 frå 1988, og følgjer Mario og Lugi som skal berge prinsesse Toadstool som er kidnappa av Bowser.

Spelet vart utvikla av Nintendo Entertainment Analysis & Development, med Takashi Tezuka som kreativt ansvarleg og Shigeru Miyamoto som produsent. Det vart designa for å utnytte maskinvara i den komande SNES-konsollen og innførte meir sofistikert grafikk, spelemekanikkar og lydeffektar. Det introduserte òg figuren Yoshi, ein dinosaur som Mario kan ri og få til å ete nokre av fiendane.

Super Mario World bidrog som eit vedlagt spel til å selje SNES-konsollen og vart det mestseljande spelet i sin generasjon. Det har fått positiv mottaking, selt over tjue millionar kopiar verda over og syna seg på fleire lister over dei beste dataspela gjennom tidene. Spelet har seinare vore utgjeve på nytt til fleire plattformer, mellom anna Game Boy Advance. Det avla fram ein fjernsynsserie under same namn og ein prequel, Super Mario World 2: Yoshi's Island. Les meir …