Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 1, 2021: Forskelle mellem versioner

Content deleted Content added
m :nn:
Linje 1:
{{framside bilete|500px_photo_(75905179).jpeg|Fyrverkeri|:nn:Fyrverkeri}}
'''[[:nn:Fyrverkeri|Fyrverkeri]]''' er små rakettar, hylser og liknande med brennbare eller eksplosive stoff som blir fyra på for å få fram særskilde lys- og knalleffektar, særleg nytta til signalisering eller ved festlege høve, som feiringa av eit [[:nn:Nyttårsdag|nytt år]]. Det er laga av ei blanding av kjemikaliar, som når dei blir tende på sender ut farga flammar og gneistar i ulike former. Nokre fyrverkeri lagar berre lyd utan å senda ut lyseffektar.
 
Fyrverkeri blei funne opp i det gamle Kina i det sjuande hundreåret og bruken spreidde seg av di ein trudde at lyseffektane hjelpte i å skremma bort vonde andar. Fyrverkeriteknikk består hovudsakleg av ein sylinder eller eit røyr laga av papir eller papp som det brennbare materialet er pakka inn i. Ofte er fleire sylindrar eller røyr kombinerte på ulike måtar, som gjer det mogeleg med mange variasjonar i fargar og former når dei blir fyrte av. Fyrverkeria kan fyrast av anten frå behaldarar på bakken eller med framdrivande emne ein sender opp i lufta, som rakettar. ''[[:nn:Fyrverkeri|Les meir …]]''