Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 7, 2021: Forskelle mellem versioner

Content deleted Content added
Ny side: {{framside bilete|1789 Estates General map.png|Kart over Kongedømet Frankrike i 1789.|:nn:Kongedømet Frankrike}} '''Kongedømet Frankrike''' var eit monar...
 
(Ingen forskel)

Nuværende version fra 26. jan. 2021, 08:43

Kart over Kongedømet Frankrike i 1789.

Kongedømet Frankrike var eit monarki i Vest-Europa i mellomalderen og tidleg nytid. Det var ein av dei mektigaste statane i Europa, og var ei stormakt frå og med høgmellomalderen. Landet var også ei tidleg kolonimakt.

Kongedømet hadde opphav i den vestlege delen av Frankarriket, og bygde seg opp til ei stormakt dei neste tusen åra. Ludvig XIV, òg kjend som solkongen, utvikla ein mektig stat og rettsteorien absolutt monarki. Etter kvart førte påverknaden frå opplysingstida, den aukande kostnaden med den amerikanske sjølvstendekrigen som Frankrike støtta fullt ut, aukande politisk forståing og spissborgarane sitt behov for politisk fullmakt til den franske revolusjonen. Kongedømet vart då det konstitusjonelle Kongedømet Frankrike og så Den første franske republikken. Les meir …