Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 13, 2021: Forskelle mellem versioner

Content deleted Content added
Ny side: {{framside bilete|RamleviewS.jpg|Ramla|:nn:Ramla}} '''Ramla''' er ein by i det sentrale Israel. Byen er hovudsakleg jødisk med ein større arabisk minoritet. Ramla vart g...
 
(Ingen forskel)

Nuværende version fra 9. mar. 2021, 10:18

Ramla

Ramla er ein by i det sentrale Israel. Byen er hovudsakleg jødisk med ein større arabisk minoritet. Ramla vart grunnlagd kring år 705–715 av omajade-kalifen Sulayman ibn Abd al-Malik. Somme forskarar meiner at byen vart bygd nær ruinane av den antikke byen Gath, basert på ei jødisk soge frå mellomalderen. Ramla låg ved krysset mellom vegen Via Maris, som gjekk frå det gamle Kairo til Damaskus, og vegen som gjekk frå hamnebyen Jaffa og Jerusalem.

Ramla har vorte erobra mange gonger i historia, av abbasidane, ikhshisidane, fatimidane, seldsjukkane, krossfararane, mamelukkane, osmanarane, britane og til slutt israelarane. Byen vart fleire gonger hardt råka av jordskjelv, i 715, 1033, 1068, 1546 og 1927. Etter Svartedauden i 1347, som kraftig reduserte folketalet, vart det oppretta ein orden av fransiskanarmunkar i byen. Under arabarane og osmansk styre vart byen eit viktig handelssenter. Den franske armeen til Napoleon okkuperte byen i 1799 på veg til Akko. Les meir …