Manater: Forskelle mellem versioner

4 bytes tilføjet ,  for 13 år siden
m
Gendannelse til seneste version ved WeggeBot, fjerner ændringer fra Broadbot (bidrag)
m (robot: automatisk teksterstatning: (-» +", -« +"))
m (Gendannelse til seneste version ved WeggeBot, fjerner ændringer fra Broadbot (bidrag))
Amazonasmanat (''Trichechus inunguis'', ''peixe-boi'' på [[portugisisk språk|portugisisk]]) er den minste av manatane. Det lengste individet som er dokumentert var 2,8 meter langt, eit anna vog 480 kg. Amazonasmanaten skil seg frå dei andre manatartane ved mellom anna at han har glatt skinn etter nyfødttida, kvite eller rosa flekkar på buken, lengre og smalare snute, og ikkje negler.
 
Den største skilnaden mellom amazonasmanaten og dei andre manatartane, er at han lever berre i ferskvatn; i [[Amazonaselva]], samt elvar og sjøar i samband med ho. Dei lever helst i "«kvitt vatn"», altså vatn med normal [[pH]]. Dette i motsetnad til "«svart vatn"», som er kjenneteikna av låg pH. Dei føretrekk kanalar og flomsjøar, og ein temperatur i vatnet mellom 25° C og 30° C.
 
Dei lever i flokkar på fire til åtte dyr, tidlegare blei dei observerte i større flokkar. Dei kan vera under vatn i opp til fjorten minutt. I motsetnad til dei andre manatartane tyder mykje på at amazonasmanaten har årstidsvariasjonar i ernæringa. I fangenskap et dei 9 til 13 kg planter om dagen. I naturen ser det ut til at dei fastar i tørkesesongen, då vasstanden kan søkke med opp til 10-15 meter, og dyra kan bli isolert i område utan grøne vekstar. Truleg kan dei leve på feittreservane i opp til 200 dagar. Dei har eit lågt [[stoffskifte]] året rundt, men dette gjeld også til ein viss grad dei andre manatane. I tillegg skjer det meste av kalvinga i perioden februar - mai, då vatnet stig att etter tørketida. I fangenskap er kalvane om lag 80 cm lange når dei kjem til verda, og aukar vekta med om lag ein kilo i veka. Lengda aukar med 1,4 cm i veka. Dei et seks liter mjølk i veka og diar i eitt år.
41.261

redigeringer