Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 44, 2015: Forskelle mellem versioner

Content deleted Content added
Hogne (diskussion | bidrag)
Ny side: {{framside bilete|IodoAtomico.JPG|Iod er eit døme på stoff som sublimerer i romtemperatur.|:nn:Sublimasjon}} '''Sublimasjon''' er direkte overgang frå :nn:fa...
 
(Ingen forskel)

Nuværende version fra 25. okt. 2015, 14:46

Iod er eit døme på stoff som sublimerer i romtemperatur.

Sublimasjon er direkte overgang frå fast stoff til gass, utan at stoffet er innom væskefasen. Dette skjer ved temperaturar og trykk under trippelpunktet i fasediagram for stoffet. Det motsette omgrepet er deposisjon. (Rim er eit døme på deposisjon der vassdamp har gått direkte over til is).

Ved normalt trykk, vil dei fleste kjemiske stoff vere innom dei tre forskjellige aggregattilstandane ved forskjellig temperatur, og i desse tilfella vil stoffet vere innom væskefasen når det går frå gass til fast stoff. I visse tilfelle når trykket ligg til rette for det, kan stoffet går direkte frå fast stoff til gass. Merk at trykket det her er snakk om er damptrykket til stoffet, og ikkje det totale trykket til heile systemet.

Nokre stoff (som sink og kadmium) sublimerer ved låge trykk og kan derfor vere eit problem i system som inneber vakuum. Les meir …