Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 25, 2020

Raymond av Poitiers tek imot Ludvig VII i Antiokia

Det andre krosstoget (1147–1149) starta for å vinne attende grevskapet Edessa som hadde gått tapt i 1144.

Edessa var det første av krossfararstatane som vart grunnlagt under det første krosstoget (1095–1099) og var òg det første som fall. Det andre krosstoget vart utropt av pave Eugenius III og var det første krosstoget som vart leia av europeiske kongar, Ludvig VII av Frankrike og Konrad III av Det tysk-romerske riket. Etter å ha kryssa Austromarriket og gått inn i Anatolia vart begge armeane kvar for seg slått av seldsjukkane. Ludvig, Konrad og restane av armeane deira nådde Jerusalem og i 1148 deltok dei i eit overilt åtak på Damaskus. Krosstoget i aust vart mislykka for krossfararane og ein stor siger for muslimane. Krosstoget enda med at Jerusalem fall og det tredje krosstoget vart sett i gang mot slutten av 1100-talet.

Berre utanfor Middelhavsområdet oppnådde krossfararane noko resultat då krossfarar på veg til Det heilage landet med skip tilfeldigvis stoppa og hjelpte portugisarane i å ta Lisboa frå maurarane i 1147. Les meir …