Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 52, 2020: Forskelle mellem versioner

Content deleted Content added
Ny side: {{framside bilete|Gerard van Honthorst - Adoration of the Shepherds (1622).jpg|Jesus|:nn:Jesus}} '''Jesus''' var ein religiøs leiar som har livet sitt skildra i Det nye te...
 
(Ingen forskel)

Nuværende version fra 30. nov. 2020, 22:53

Jesus

Jesus var ein religiøs leiar som har livet sitt skildra i Det nye testamentet i Bibelen. Han er den mest sentrale personen i kristendommen og er rekna som inkarnasjonen av Gud av mange kristne verda over.

Ifølgje tradisjonen var Jesus fødd i ein stall i Betlehem. Kristne trur at Maria, mora til Jesus, var jomfru og at barnet vart unnfanga ved Den heilage anden. I det vaksne livet sitt opptredde Jesus med suverent mynde og synest overtyda om at han kjende og kunne tolka Guds vilje. Tilhengarane av Jesus heldt fram med å spreia bodskapen hans etter krossfestinga, og dei var overtyda om at Jesus stod opp frå dei daude etter tre dagar.

Jesus står sentralt i dei viktigaste kristne høgtidene. Jesu fødsel er feira årleg på første juledag. Krossfestinga av Jesus er markert på langfredag, oppstoda hans er feira i påska, himmelferda feira på Kristi himmelferdsdag og pinsa 50 dagar etter påska. Årsteljinga i den gregorianske kalenderen, som i dag er den mest utbreidde kalenderen i verda, baserer seg på Jesu omtrentlege fødselsdag. Les meir …