Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/22. april 2005

Ugens udvalgte på Nynorsk Wikipedia redigér

Albert Einstein (14. mars 1879 - 18. april 1955) var ein tysk-jødisk teoretisk fysikar og nobelprisvinnar som er mest kjend for å ha formulert relativitetsteorien. Einstein vart fødd i Ulm i det daverande kongeriket Württemberg i Tyskland, men voks opp i München. Som tenåring flytte han åleine til Sveits for å bli student (men han strauk på opptaksprøvene til skulen i det første forsøket).

I 1896 sa han frå seg sitt tyske statsborgarskap for å sleppa å gjera militærteneste, og byrja som lærarstudent ved Eidgenössische Technische Hochschule Zürich (Zürich polytekniske institutt). Han var gløgg, men utmerkte seg ikkje som nokon lynskarp elev. I 1900 vart Einstein uteksaminert som lærar i matematikk og fysikk, og fann ut at han ville prøva å få ein vitskapleg artikkel som han hadde skrive, på trykk i tidsskriftet Annalen der Physik. Artikkelen, som vart godteken, tok føre seg eigenskapane til væsker i sugerør.