Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 1, 2011
Hepatitt C er ein infeksjonssjukdom som vert framkalla av hepatitt C-virus (HCV). HCV gjev leverinfeksjon, ofte med gul hud og gule bindehinner i auga (gulsott).
Infeksjonen smittar framfor alt gjennom serum- og blodkontakt og inkubasjonstida ligg på 2 – 26 veker, i gjennomsnitt 5 – 12 veker. Ved persisterande viremi etter 6 månader talar vi om kronisk hepatitt C. På årsbasis reknar ein at 1 – 4% av alle infekterte får leverkreft.
På verdsbasis er truleg om lag 3% smitta av HCV, og meir enn 170 millionar er kroniske berarar. Problemet med transfusjonsoverførd hepatitt C er no langt på veg eliminert i land med god laboratoriemedisinsk standard og restriktive reglar for blodgjeving og i Skandivavia er sprøytemisbruk årsak til 90% av alle hepatitt C-tilfelle. Les meir …