Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 10, 2014
1714 markerte slutten på den verdsomspennande spanske arvefølgjekrigen gjennom fleire traktarar. Tsar-Russland ekspanderte, og vann ein viktig marinesiger mot Sverige i slaget ved Hangöudd. I Finland byja den store ufreden då landet blei invadert av Russland. Seinare på året braut den osmansk-venetianske krigen ut då Det osmanske riket erklærte krig mot Republikken Venezia.
Den dansk-norsk dronninga Charlotte Amalie og kurfyrstinne Sophia av Hannover, som ei tid var arving til den britiske trona, døydde i 1714. Kort tid etter døydde dronning Anne av Storbritannia. Stuart-dynastiet enda med henne, og hannoveranske monarkiet tok til med Georg av Hannover. Les meir …