Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 13, 2014

Dopplereffekten. Eit objekt flyttar seg frå høgre til venstre medan det sender ut bølgjer. Bølgjelengda blir kortare til venstre og lengre til høgre.

Dopplereffekten er endring i bølgjelengda (og difor frekvensen) til ei bølgje når kjelda er i rørsle i høve til ein observatør.

Christian Doppler analyserte denne effekten 1842 i ein monograf. Hypotesen blei først testa ut for lydbølgjer av den nederlandske vitskapsmannen Ballot i 1845. Han nytta eit jernbanetog og fleire hornblåsarar for å vise at tonehøgda var høgare når hornet nærma seg lyttaren og lågare når det fjerna seg. Fizeau oppdaga det same fenomenet hos elektromagnetiske bølgjer i 1848, uavhengig av Doppler og Ballot. I Frankrike blir effekten stundom kalla «effet Doppler-Fizeau».

Dopplereffekten er viktig innanfor astronomien, dopplerradarar og ekkokardiogram. Les meir …