Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 14, 2015

Latinsk kross

Kross er ein figur der to linjer kryssar einannan, vanlegvis i rett vinkel. Krossforma vert særleg nytta som matematisk symbol for addisjon og positivt forteikn og som symbolkristendomen og den kristne kyrkja.

Opphavet til krossen er omdiskutert. Ein kross er eit ganske enkelt teikn, og folk mange stader har teikna det. Krossen har dei fleste stadene hatt ei religiøs tilknyting og har mange stader vorte sagt å bringa hell.

Krossen har vore ein symbol som har vorte brukt i mange kulturar gjennom heile historia. Avbildingar frå steinalderen viser ei form for krossar. Det vart brukt av mange av gamletidas kulturfolk, og kanskje er Egypt mest kjent. Krossymbol av mange forskjellige typar er kjent i Midtausten, antikkens Hellas, Romarriket, Asia og Amerika.

Krossen har vorte tillagt forskjellege tydingar, for eksempel har det vorte sett på som eit symbol på årstidene eller himmelretningane. I dag er det mykje brukt innan kristendomen, og vert forbunde med Jesus sin offerdød. Av den grunn vert det ogso brukt som symbol på døden. Les meir …