Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 20, 2011
Selje kloster er ruinane av eit benediktinarkloster på øya Selja i Selje kommune i Sogn og Fjordane.
Opprettinga av bispesete på Selja i 1068 og seinare bygging av eit benediktinarkloster vert sett i samanheng med Sunniva-legenda. Olav Tryggvason har ein sentral plass i Selja si historie. Han steig i land på øya i 996, fann levningane etter Seljumennene skrinla dei og ga påbod om bygging av ei kyrkje.
Det fins levningar etter fire kyrkjer på Selja. Det er Mikaelskyrkja, Albanuskyrkja, Sunnivakyrkja og fylkeskyrkja. Les meir …