Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 29, 2006

Atomsoppen over Nagasaki, Japan, i 1945.
Atomsoppen over Nagasaki, Japan, i 1945.

Eit atomvåpen, eller eit kjernefysisk våpen, er eit våpen med enorme øydeleggjande krefter som brukar energien frå ein kjernefysisk reaksjon som sprengkraft. Eitt enkelt atomvåpen kan øydeleggje ein heil by, noko som vart bevist under andre verdskrigen da USA bomba dei japanske byane Hiroshima og Nagasaki i august 1945. Dette er dei éinaste gongene atomvåpen har vorte bruka i krig, men prøvesprengningar har vorte gjort fleire hundretals gonger av ulike land. Den første atombomba vart prøvesprengt i New Mexico, USA, 16. juli 1945.

Dei kjende atommaktene er USA, Russland, Storbritannia, Frankrike, KIna, India og Pakistan. I tillegg er det fleire land som ein veit, eller trur, har atomvåpen. Sprengkrafta blir målt i antal kg, eller tonn, i forhold til TNT. les meir