Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 33, 2024

Heliconia foreroi

Heliconia er ei slekt av dekkfrøplantar og den einaste slekta i familien Heliconiaceae. Dei fleste av dei om lag 194 kjende artane kjem frå tropiske delar av Amerika, men nokre få stammar frå nokre øyar i Vest-Stillehavet og Maluku i Indonesia. Mange artar i Heliconia veks i dei tropiske skogane i desse regionane. Dei fleste artane er anten rekna som sårbare eller utan nok data på den globale raudlista over truga artar. Fleire artar i slekta er utbreidde som prydplantar, og nokre få veks forvilla i Florida, Gambia og Thailand. Blomane dannar mykje nektar som tiltrekk pollinatorar. Dei vanlegaste av desse er kolibriar. Les meir …