Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 36, 2012

Kopp med sørsamisk tekst

Sørsamisk er eit finsk-ugrisk språk i den uralske språkfamilien. Det blir snakka av i overkant av 500 talarar, i Østerdalen, Trøndelag og Nordland, og i tilgrensande område i Sverige. Språket står sterkast i Snåsa i Nord-Trøndelag.

Som andre urbefolkningsspråk er sørsamisk sterkt knytta til naturen. Mange ord og begrep er knytta til reindriftsnæringa – samane sin tradisjonelle næringsveg. Sørsamisk er òg eit skriftspråk, og nokre få bøker er gjeve ut. Dei første lærebøkene i sørsamisk i grunnskolen vart skrivne av Ella Holm Bull 1984-87, basert på Bergsland-Bull-rettskrivinga (med Knut Bergsland) fra 1974. Mange salmar og utdrag frå Bibelen er omsett til sørsamisk.

Sørsamisk vert rekna som eit sterkt truga språk. I våre dagar er det først og fremst eldre sørsamar som snakkar språket, men iherdig innsats sidan 2000 har gjeve det større status og bruksområde. Det vert undervist på sørsamisk i Hattfjelldal og Snåsa, og i 2004 vart sørsamisk offisielt språk i Snåsa kommune. Les meir …