Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 48, 2012
Det tysk-romerske riket ar ei nemning på det gamle tyske imperiet som oppstod frå det karolingiske Austfrankarriket på 900-talet og vara fram til 1806 under Napoleonskrigane.
Områda riket dekka over varierte gjennom historia, men på det største dekka det dagens Tyskland, Austerrike, sveits, Liechtenstein, Luxembourg, Tsjekkia, Slovenia, Belgia og Nederland, i tillegg til store delar av dagens Polen, Frankrike og Italia. Gjennom heile historia var riket delt opp i hundrevis av mindre kongedøme, fyrstedøme, hertugdøme, grevskap, frie keisarbyar og andre einingar.
Då Napoleon Bonaparte kom til makta i Frankrike invaderte han Tyskland. Keisar Franz II la i 1806 ned krona som tysk-romersk keisar. På Wienerkongressen etter sigeren over Frankrike slutta dei tyske statane seg igjen saman i Det tyske forbundet (Deutscher Bund). Les meir …