Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 5, 2011

Joyce Carol Oates (f. 16. juni 1938) er ein amerikansk forfattar. Ho har òg skrive under pseudonyma Rosamond Smith og Lauren Kelly. Oates, som voks opp i ein arbeidarfamilie landleg i staten New York, gav ut den første boka si i 1963, og har sidan gjeve ut meir enn 50 romanar, og i tillegg talrike samlingar av noveller, poesi og sakprosa, noko som har gjeve henne ry som ein svært produktiv forfattar. Romanen them som kom ut i 1969, vann den prestisjetunge litteraturprisen National Book Award, og bøkene Black Water (1992), What I Lived For (1994) og Blonde (2000) vart alle nominerte til Pulitzerprisen. Oates er vide kjend som ein av dei leiande amerikanske forfattarane som har stått fram etter 1960, og ho har òg vore nemnd i samband med tildelinga av Nobelprisen i litteratur. Les meir…